Materiale
  
    Fiskeskinn  og  tekstil                                                                               
    Garving av fiskeskinn er eit fag eg har liten kunnskap om. Ikkje mange utøver dette handtverket i dag. Garveri eg har vore i
    kontakt med, fortel at prosessen med farging og garving av fiskeskinn er den same som med anna dyrehud. Kvalitet og
    styrke blir og den same sett i forhold til tjukkelse og garveteknikk. Skinna eg arbeider med er garva ved ulike garveri rund om
    i verden. Overflatestruktur og glans varierer veldig frå dei ulike garveria. Det viser att mange ulike teknikkar er tatt i bruk.          
    Historisk sett er garving av fiskeskinn eit gammalt handtverk. Kunnskapen om garving og bruk av fiskeskinn blei etterkvar meir 
    eller mindre vekke då industrien overtok faget. Fiskeskinn er små, og derfor ikkje lønnsame i produsjon.
    I bilda mine brukar eg dei varianter av garva fiskeskinn eg kan få tak i. For det meste er det laks, torsk, steinbit og abbor.
    Lange og karpe har eg og fått tak i nokre eksemplar av.

    Tekstilane eg nyttar er av alle variantar. Det eg ser etter er at stoffet må passe til dei skinna eg har valt, eller det motiv eg prøver
    å jobbe fram i bildet. Valet fell ofte på thaisilke då eg synest dette stoffet har ein spesiell glans som er med på å lage liv i bilda.
    Fløyel, organza, og ulike metalliske glansstoff bruker eg og mykje av. Kombinasjon av ulike materialer er spennande!
    Tråden eg brukar til montering av motiv, er stort sett metalltråd.
   

                                   Rammer                                                        

 
     
 Rammeriet "Galleri Sør"   Hafstadvegen 33  FØRDE                                Heidi Nyhammer. Innehaver av galleriet og rammeverkstaden.
 

     


Eg nytta mykje standard ramme til bilda mine. Etterkvart har eg sett kor vanskeleg  men viktig dette med rett innramming er for å få
presantert bilda på rettferdig vis. Dette er eit fag i seg sjølv som krev erfarne auge og ei trena hand. Det er her Heidi Nyhammer   "kjem inn i bilde".  Om du ynskjer å skifte ut ei standard ramme frå eit av bilda mine, kan eg på det sterkaste anbefale at du tek turen innom Rammeriet i Førde. Her vil du oppleve å bli møtt av ei dame som engasjerer seg i oppdraget du kjem med til henne. Det er ikkje sikkert ho straks seier seg enig i det rammevalet som du hadde tenkt deg, og eg anbefaler at du då er lydhøyr for henna forslag. Av erfaring kan eg sei at ho som oftast har rett. I tillegg til kvalitet, er ho og konkuransedyktig i utval og pris.
Ps. Ho har og eit og flott galleri. Mykje spennande både i bilde og form som det er vel vert å stikke innom for å sjå!